Stikkordarkiv for Mac

Ssh-autentisering utan passord

Morro med LensbabySsh (secure shell) er ein protokoll som blant anna gjev deg kryptert tilgang til andre datamaskiner og servere. Den blir stort sett installert som standard på Linux- og Unixmaskiner men finnes også for Windows. Den vanlegaste bruken av den er som erstatning for telnet, rsh og rlogin der den gjev deg tilgang til shellet (kommandolinja) på serveren. Det vanlegaste er å autorisere seg med brukarnamn og passord mot ssh serveren. Ein annan (og meir elegant?) måte er å nytta nøkkelpar (privat og offentleg nøkkel) til autentisering. Dette krev at du lager ein privat nøkkel som du har på klienten og ein offentleg nøkkel du legg på serveren du skal logga deg på. Det er svært viktig at du held den private nøkkelen hemmeleg ettersom den vil erstatta passordet ditt. For å laga eit nøkkelpar køyrer du kommandoen:

ssh-keygen -t dsa

Du vil her få spørsmål om du vil ha passord på den private nøkkelen din. Dersom du vel det må du skriva inn passordet ditt kvar gang du bruker nøkkelen, eller du kan bruka ein ssh-agent til å hugsa passordet. Ssh-keygen vil laga to nøkler; ~/.ssh/id_dsa (privat nøkkel) og ~/.ssh/id_dsa.pub (offentleg nøkkel). Den offentlege nøkkelen må kopierast over på maskina du skal logga deg (foobar) på for eksempel følgjande måte:

cat ~/.ssh/id_dsa.pub | ssh brukar@foobar: "cat - >> ~/.ssh/authorized_keys"

eller du kan bruka ssh-copy-id dersom du har den installert:

ssh-copy-id brukar@foobar

Du kan no logga deg på den andre maskina med ssh utan å bruka passord dersom du laga den private nøkkelen utan passord eller om du bruker ein ssh-agent.

Ser på gamle filmer

Meg for 14 år sidan.

Dei siste dagane har eg digitalisert ein del gamle vhs kassettar eg har liggande. Mykje morro å sjå der, og alle ser jo så unge ut på desse opptaka…

For å få dette til har eg funne fram litt kabler og anna utstyr frå skuffer og skap og det eg mangla (videospelar) har eg lånt. Å komme i gang var gjort på fem minutt; fann fram ein Elgato eyetv hybrid usb-tv-mottaker som eg hadde liggande og plugga den i Mac Minien. Plugga i videospelar og installerte siste versjon av EyeTV og så var det bare å starte videomaskina og sette macen på opptak. Kvaliteten blei overraskande bra også, i allefall til å vera frå billege vhs kassetter.

Ein time video tar ca 3GB, og tenkte eg skulle brenne desse filmane på dvd. Ting pleier å vera ganske enkelt på macen, men her var det ikkje rett fram. iDvd ville ikkje forminska filmane så mykje som eg ville, den ville berre gje meg plass til ein god time på kvar dvd. Planen min var å få 3-4 timar på kvar dvd – er jo ikkje hd-kvalitet dette. Løysinga blei installere DeVeDeUbuntuen. Med den kan ein laga dvd av alt som Mplayer klarer å spela av; det vil seie det meste. DeVeDe finnes og i ein Windows versjon for dei som brukar slikt. Så no har eg laga to dvder frå folkehøgskuletida, og så får eg sjå kva meir eg lagar. Kan bli mange timar med tvtitting dette…