Splitter pine for ein konsert

I går var Randi og eg på DumDum Boys konsert på Verftet. Sist eg såg og høyrde dei var i Frognerbadet på Norwegian Wood  i 2003 og eg vil ikkje påstå at stemninga var like høg denne gangen, men så stod me ikkje heilt framme i trengselen ved scena i går. Men dette var også absolutt ein god konsert. Mange av dei gode gamle slagerane var med og når ekstanummer som «Slave», «Splitter Pine» og Knutsen og Ludvigsens «Dum og deilig» blei spelt stod stemningen heilt i taket. Så om nokom gjekk skuffa heim kan dei ikkje ha vore på samme konsert som meg…

Korleis rescanne scsi-bussen

Av og til bytter eg ut utstyr (hotswap) eller set inn noko nytt  i ein linux boks medan den er i drift. Gjerne fiber channel-, scsi-, sas-, sata- eller esata-utstyr som harddisker, SAN, eller tapestasjoner. Usb utstyr klarer seg som kjent stort sett sjølv. Dersom dette ustyret nyttar scsi-drivarar, noko det meste gjer no etter kvart, treng eg bare å scanne scsi bussen på nytt for at systemet skal finne dette. Dette kan gjerast ved å kjøyra kommandoen ‘cat «- – -» > /sys/class/scsi_host/hostX/scan‘ der X er hostnummeret til scsikontrolleren.  For å forenkla dette har eg laga eit lite shellscript, scsiscan.sh, som gjer dette.

Opprette ny virtuell maskin i kvm

Eg kjøyrer kvm på Ubuntu-serveren min heime. For dei uinnvidde kan kvm (Kernel-based Virtual Machine) forklarast som ein måte å kjøre fleire virtuelle datamaskiner på ei datamaskin. Det finnes masse dokumentasjon på korleis du set det opp, så det har eg ikkje tenkt å skriva noko om no. Diverre er det så sjeldan eg oppretter nye virtuelle maskiner at eg er litt usikker på detaljane kvar gang eg gjer det og det er sikkert fleire enn meg som slit med det. Difor har eg laga ein liten «howto» på korleis ein kan gjere det på den manuelle måten med libvirt og virsh. Det er også ein enkel forklaring på nokre av parameterane. Den forutsett litt kunskap om  kvm, virsh og xml (og sjølvsagt Linux).

Det er fleire måter å opprette diskfiler på. Her er eit par eksempel:

qemu-img create -f qcow2 /kvm/foobar/disk0.qcow2 32G
dd if=/dev/zero of=/kvm/foobar/disk1.img count=0 seek=$[32*1024*1024*2]

Opprett ei xml fil med beskrivelse av den virtuell maskina. Fila lagres som foobar.xml:

<domain type='kvm'>
  <name>foobar</name>
  <uuid>ec5293c1-9949-44d8-b1d0-3c8dd7336e63</uuid>
  <memory>2097152</memory>
  <currentMemory>2097152</currentMemory>
  <vcpu>2</vcpu>
  <os>
    <type arch='x86_64' machine='pc-0.11'>hvm</type>
    <boot dev='cdrom'/>
  </os>
  <features>
    <acpi/>
  </features>
  <clock offset='utc'/>
  <on_poweroff>destroy</on_poweroff>
  <on_reboot>restart</on_reboot>
  <on_crash>destroy</on_crash>
  <devices>
    <emulator>/usr/bin/kvm</emulator>
    <disk type='file' device='cdrom'>
      <source file='/kvm/foobar/debian-504-amd64-netinst.iso'/>
      <target dev='hdc' bus='ide'/>
      <readonly/>
    </disk>
    <disk type='file' device='disk'>
      <source file='/kvm/foobar/disk0.qcow2'/>
      <target dev='vda' bus='virtio'/>
    </disk>
    <disk type='file' device='disk'>
      <source file='/kvm/foobar/disk1.qcow2'/>
      <target dev='vdb' bus='virtio'/>
    </disk>
    <interface type='bridge'>
      <mac address='52:54:de:ad:be:ef'/>
      <source bridge='br0'/>
      <model type='virtio'/>
    </interface>
    <input type='mouse' bus='ps2'/>
    <graphics type='vnc' port='5920' autoport='no' listen='192.168.10.50'/>
    <video>
      <model type='cirrus' vram='9216' heads='1'/>
    </video>
  </devices>
</domain>

Denne xml fila må sjølvsagt tilpassas dine behov. Det meste er sjølvforklarande, men det er nokre verdiar som alltid bør endrast:
* <name>: namnet på vm-en.
* <uuid>: bruk kommandoen uuidgen for å generere ein unik id.
* <source>: sti og filnamn til diskfila.
* <mac address>: denne må være unik. Heximal (0-9,a-f).
* <graphics>: port=’unik port på 59xx’, listen=’ip til serveren kvm kjører på’.

Då må fila lesast inn i med vrish. Kjøyr kommandoen virsh define foobar.xml og start med virsh start foobar. Då er det bare å ta favoritt vnc-klient, logge seg på og starte installasjonen. Når operativsystemet er ferdig installert må <boot dev=’cdrom’> endrast til <boot dev=’hd’> for at den skal boote frå diskimaget. Dette kan enklart gjerast ved å kjøre virsh edit foobar, gjere nødvendige endringer. Restart vm’en.

Eg har 24 sokkar…

Medan eg såg på gamle videoer kom eg over dette gullkornet(?); en musikkvideo eg og ein kompis spelte inn medan eg gjekk på folkehøgskole. Eg hadde dilla på Salhus Vinskvetten så me bestemte oss for å filma Sokkane. Hugsar me hadde det forferdeleg morsomt når meg laga denne…

If you can see this, then you might need a Flash Player upgrade or you need to install Flash Player if it's missing. Get Flash Player from Adobe.

Ser på gamle filmer

Meg for 14 år sidan.

Dei siste dagane har eg digitalisert ein del gamle vhs kassettar eg har liggande. Mykje morro å sjå der, og alle ser jo så unge ut på desse opptaka…

For å få dette til har eg funne fram litt kabler og anna utstyr frå skuffer og skap og det eg mangla (videospelar) har eg lånt. Å komme i gang var gjort på fem minutt; fann fram ein Elgato eyetv hybrid usb-tv-mottaker som eg hadde liggande og plugga den i Mac Minien. Plugga i videospelar og installerte siste versjon av EyeTV og så var det bare å starte videomaskina og sette macen på opptak. Kvaliteten blei overraskande bra også, i allefall til å vera frå billege vhs kassetter.

Ein time video tar ca 3GB, og tenkte eg skulle brenne desse filmane på dvd. Ting pleier å vera ganske enkelt på macen, men her var det ikkje rett fram. iDvd ville ikkje forminska filmane så mykje som eg ville, den ville berre gje meg plass til ein god time på kvar dvd. Planen min var å få 3-4 timar på kvar dvd – er jo ikkje hd-kvalitet dette. Løysinga blei installere DeVeDeUbuntuen. Med den kan ein laga dvd av alt som Mplayer klarer å spela av; det vil seie det meste. DeVeDe finnes og i ein Windows versjon for dei som brukar slikt. Så no har eg laga to dvder frå folkehøgskuletida, og så får eg sjå kva meir eg lagar. Kan bli mange timar med tvtitting dette…

Strikking

Du lurer vel på om eg har begynt å strikka no når du las overskrifta. Så gale er det ikkje – enda – men min betre halvdel har begynt å sitte med strikketøyet om kveldane. Så da måtte jo eg sjå om eg kunne finne noko spanande om strikking på webben. Av ein eller annan sjuk grunn søkte eg på knittingsourceforge, og første av ti treff var kpgknitting pattern generator. Det er eit program som konverterer grafikkfiler (gif, png…) til strikkeoppskrifter. Eg ser store muligheiter her – no kan eg få strikkegenser med bh3 logo på ryggen. Eg veit kva eg ønskjer meg. Oppskrifta skal min betre halvdel få av meg i god tid før jul…

Ein annan overraskande og interessant sak eg fann på sourceforge og som fort leia meg vidare var KnitML – eit markup språk (xml-sak)  for strikkemønster. Eit søk på knitml på google ga meg 17.300 treff. Dette må vera framtida og limet mellom strikking og pcer…

Og når eg skal begynne å strikke vil eg ha strikkemaskin med usb-port

Akedag

I dag har me prøvd å utnytta det fine vinterværet me har no; me har vore ute og leika i snøen. Før i dag var Stig Ove og eg ute med våre respektive betre halvdeler med akebrett, miniski, kakao, skillingsbollar og kvikklunch. Det var alle tiders leik i snøen.

I kveld fann Stig Ove og eg ut at me skulle prøve oss på litt skikkeleg aking for mannfolk. Eg tok med meg ein god gamaldags rattkjelke, og Stig Ove la ein plastikkrakett i bilen før me køyrde opp til Otterås og aka bakkane ned til Gardvik. Trur ikkje eg har hatt det så gøy ute i snøen på over ti år :-)

Første posting…

Da gjør jeg og et forsøk på å blogge… Det var 12-13 kuldegrader ute, fiberen kom i hus tidligere i uken og webserveren fikk litt lenge etterlengtet vedlikehold. Så båndbredden er på plass (10/10 MBit) og webserveren er stort sett oppdatert. Da var det bare å installere WordPress og sette i gang tenkte jeg. Nå er bare utfordringen å finne noe å blogge om, men litt fjas skal jeg vel klare å knote ned av og til :-)

Men nå skal jeg prøve å kose meg litt med Melodi Grand Prix her. Hvis jeg ikke går på loftet og rydder litt på «fiskerommet».