Arkiv for kategorien "RaspberryPI"

Raspberry Pi

Eit av dei mest interessante it-produkta som er (og blir) lansert i år for dei som har hacking som hobby er nok Raspberry Pi. Det er ei lita datamaskin på størrelse med eit kredittkort. Den var opphavleg tenkt brukt innanfor skuleverket for å få born interessert i programmering og utforsking av datamaskiner. I slutten av februar blei det mogeleg å bestille utviklarversjonen av denne maskina. Desse blir levert utan kabinett eller anna tilbehør, men ein treng bare ein mobiltelefonlader (micro usb), mus, tastatur, skjerm/tv, SD-kort og nettverkskabel så er ein oppe og går. Det blei laga 10.000 eksemplar for sal og det kom inn 350.000 bestillingar på lanseringsdagen, så interessa for den er over all forventing.

Spesifikasjon

Maskina kjem i to modeller. Modell B, som er den som er lansert no, blir levert med ein 700MHz ARM 11 prosessor. Den har CPU, GPU, FPU og RAM integrert i ein chip, 256MB RAM, 2 USB portar, nettverksport (ethernet), HDMI/RCA for tilkopling til skjerm/tv, minijack for lyd og SD-kortleser til lagring. Modell A, som ikkje er kome i produksjon enda, har ein USB-port og ingen nettverksport men er ellers lik. Modell A kjem til å koste $25 (kr 150) og modell B $35 (kr 210). Eg vil i alle høve betale dei 60 kr ekstra for å ha nettverksport på maskina.

Korleis verker den?

Operativsystem må installerast på eit SD-kort som den booter frå. Det er ikkje mogeleg å boote frå usb. Det enklaste er å laste ned eit ferdig image (fil) med operativsystem og kopiere det til SD-kortet med dd på linux/mac (finnes andre verktøy og mange guider til Windows for dette). Det er bare Linux for Arm (Debian og ArchLinux) som er støtta, men det blir arbeid med å få RiscOS og Fedora til å kjøra på den. Windows vil ikkje virke på denne maskina. Når operativsystem er kopiert til SD-kortet er det bare plugge det i maskina. Du kan kopla til usb-minnepen eller usb-harddisk for å få ekstra lagringsplass. Plugg i monitor/tv, nettverk, tastatur, mus og strøm og i løpet av nokre sekunder er maskina oppe og går. Som strømforsyning nyttar eg ladaren til ein iPad, men alle usbladarar som leverer over 700 mAh kan nyttast. Det er ikkje anbefalt å nytta usbporten på ein pc sidan den ikkje alltid lever nok strøm.

Kva kan den nyttast til?

Det er berre fantasien som set grenser for kva denne maskina kan nyttast til. Den krev 5V/700mAh, som er det same som USB leverer, eller ein kan nytta 4 AA batteri. Sidan den er på størrelse med eit kredittkort kan den monterast omtrent kvar som helst. Det er  GPIO  på den så den kan brukast til å styre andre duppeditter eller ein kan nytta eit anna brakout bord om ein vil vera meir avansert. Maskina støtter maskinvareakselrert koding/dekoding av h.264 videoer så den er i stand til å spilla av HD-video i 1080p så den kan også brukast som mediesenter. Her er det XBMC som er mest populær. Med ein usbhub kan den settast opp som nas. Den kan brukast til lett pc-arbeid som surfing på web (flash er ikkje støtta), tekstbehandling osv. Men det er klart at ei maskin med 256mb delt minne med gpu og ein kjerne på 700MHz er ganske avgrensa kva den kan nyttast til, men med 10.000 maskiner ute no og 75.000 til i løpet av sommaren kjem nok dei utrulegaste prosjekt og idear til å dukke opp.

For 210 kroner er det bare å stile seg i kø og bestilla ein. Eg har fått min kjem og til å ha masse morro med den. Det kjem sikkert fleire oppdateringar etter kvart som eg har funne på noko lurt… Eg byrjer vel med å lage eit kabinett til den.

Det er masse informasjon å finna der ute, her er ein liten start: