Arkiv for kategorien "Husflid"

Rydder i spagettien

Det har etter kvart blitt litt smårotete i pckroken min og etter siste utviding har eg så smått begynt å nerma meg grensa for uoversiktleg. Begynte difor å bygga eit lite rackskap så eg kan få litt system på boksane mine. Satt opp følgjande handleliste og satte igang:

  • Nokre meter 2×2″
  • Ikkje fult så mange meter 2×4″
  • Ei kryssfinerplate
  • Ei benkeplate frå Ikea
  • Fire racksinner frå Clas Ohlson
  • Fire hjul frå Clas Ohlson
  • Eit par never med skruer i forskjellige lenger
  • Svartmaling

Så no har eg prøvd meg med hammer og spiker sag, vinkel, tommestokk, vater, skyvelær, skrumaskin og sikkert litt anna verktøy. Breida blei 62cm, djupna er i overkant av 80cm og høgda er 90cm. Dette gjev 16U med plass. I toppen har eg satt inn ein 19″ switch og i botnen ein PDU med 8 kontakter. Førebels har eg bare to maskiner i den (3+4U) så det ser ikke så fint ut med all den tomme plassen. Sidan eg ikkje har rommet heilt for meg sjølv må eg passe på waf‘en. Planen er difor å skjære til ei plate og montere framfor dei tomme plassane. Rackskinnen er sjølvsagt ikkje heilt etter standarden – det er jo frå Clas Ohlson – men dei gjer jobben heilt greit.

Ganske nøgd med resultatet. Pcane som stod på gulvet og leidningspagettien eg hadde er borte – andre vil vei kansje sei at rotet er samla i ein boks – og eg har plass til fleire maskiner – noko som ganske sikkert kjem til å dukke opp på eit eller anna merkelig vis. Dessuten har eg jo fått samla alle diskane mine i ein server.

Strikking

Du lurer vel på om eg har begynt å strikka no når du las overskrifta. Så gale er det ikkje – enda – men min betre halvdel har begynt å sitte med strikketøyet om kveldane. Så da måtte jo eg sjå om eg kunne finne noko spanande om strikking på webben. Av ein eller annan sjuk grunn søkte eg på knittingsourceforge, og første av ti treff var kpgknitting pattern generator. Det er eit program som konverterer grafikkfiler (gif, png…) til strikkeoppskrifter. Eg ser store muligheiter her – no kan eg få strikkegenser med bh3 logo på ryggen. Eg veit kva eg ønskjer meg. Oppskrifta skal min betre halvdel få av meg i god tid før jul…

Ein annan overraskande og interessant sak eg fann på sourceforge og som fort leia meg vidare var KnitML – eit markup språk (xml-sak)  for strikkemønster. Eit søk på knitml på google ga meg 17.300 treff. Dette må vera framtida og limet mellom strikking og pcer…

Og når eg skal begynne å strikke vil eg ha strikkemaskin med usb-port