Arkiv for kategorien "Fritid"

Ørnetitting

I ferien på Nordmøre hadde me ein del fine turar rundt om på øya der me ferierte. På fleire av desse var det eit par havørner som sirkla rundt oss – det var tydeleg at dei haldt eit auga med oss sidan dei flaug etter oss. På ein av desse turane var me så heldige at me kom over reiret deira og sneik oss ganske nært og tok nokre bilete av ørnungane i reiret. Foreldra kom raskt og sirkla rundt oss då og men haldt seg på passande avstand. Under er eit lite utavalg av dei «over 1000» bileta som blei tatt på desse turane. Alle bileta er tekne med ein Nikon D60 med eit Sigma 150mm f/2.8 EX DG APO HSM Macro objektiv. Eit glimrande objektiv til meir enn makrofotografering…

I tillegg drog me jo stort sett med oss kameraet rundt om kring så her er eit lite utvalg av nokre av dei andre bileta me tok i ferien.
Og alle var samde om at det hadde vore ein gild tur…

Splitter pine for ein konsert

I går var Randi og eg på DumDum Boys konsert på Verftet. Sist eg såg og høyrde dei var i Frognerbadet på Norwegian Wood  i 2003 og eg vil ikkje påstå at stemninga var like høg denne gangen, men så stod me ikkje heilt framme i trengselen ved scena i går. Men dette var også absolutt ein god konsert. Mange av dei gode gamle slagerane var med og når ekstanummer som «Slave», «Splitter Pine» og Knutsen og Ludvigsens «Dum og deilig» blei spelt stod stemningen heilt i taket. Så om nokom gjekk skuffa heim kan dei ikkje ha vore på samme konsert som meg…

Akedag

I dag har me prøvd å utnytta det fine vinterværet me har no; me har vore ute og leika i snøen. Før i dag var Stig Ove og eg ute med våre respektive betre halvdeler med akebrett, miniski, kakao, skillingsbollar og kvikklunch. Det var alle tiders leik i snøen.

I kveld fann Stig Ove og eg ut at me skulle prøve oss på litt skikkeleg aking for mannfolk. Eg tok med meg ein god gamaldags rattkjelke, og Stig Ove la ein plastikkrakett i bilen før me køyrde opp til Otterås og aka bakkane ned til Gardvik. Trur ikkje eg har hatt det så gøy ute i snøen på over ti år :-)