Raspberry Pi

Eit av dei mest interessante it-produkta som er (og blir) lansert i år for dei som har hacking som hobby er nok Raspberry Pi. Det er ei lita datamaskin på størrelse med eit kredittkort. Den var opphavleg tenkt brukt innanfor skuleverket for å få born interessert i programmering og utforsking av datamaskiner. I slutten av februar blei det mogeleg å bestille utviklarversjonen av denne maskina. Desse blir levert utan kabinett eller anna tilbehør, men ein treng bare ein mobiltelefonlader (micro usb), mus, tastatur, skjerm/tv, SD-kort og nettverkskabel så er ein oppe og går. Det blei laga 10.000 eksemplar for sal og det kom inn 350.000 bestillingar på lanseringsdagen, så interessa for den er over all forventing.

Spesifikasjon

Maskina kjem i to modeller. Modell B, som er den som er lansert no, blir levert med ein 700MHz ARM 11 prosessor. Den har CPU, GPU, FPU og RAM integrert i ein chip, 256MB RAM, 2 USB portar, nettverksport (ethernet), HDMI/RCA for tilkopling til skjerm/tv, minijack for lyd og SD-kortleser til lagring. Modell A, som ikkje er kome i produksjon enda, har ein USB-port og ingen nettverksport men er ellers lik. Modell A kjem til å koste $25 (kr 150) og modell B $35 (kr 210). Eg vil i alle høve betale dei 60 kr ekstra for å ha nettverksport på maskina.

Korleis verker den?

Operativsystem må installerast på eit SD-kort som den booter frå. Det er ikkje mogeleg å boote frå usb. Det enklaste er å laste ned eit ferdig image (fil) med operativsystem og kopiere det til SD-kortet med dd på linux/mac (finnes andre verktøy og mange guider til Windows for dette). Det er bare Linux for Arm (Debian og ArchLinux) som er støtta, men det blir arbeid med å få RiscOS og Fedora til å kjøra på den. Windows vil ikkje virke på denne maskina. Når operativsystem er kopiert til SD-kortet er det bare plugge det i maskina. Du kan kopla til usb-minnepen eller usb-harddisk for å få ekstra lagringsplass. Plugg i monitor/tv, nettverk, tastatur, mus og strøm og i løpet av nokre sekunder er maskina oppe og går. Som strømforsyning nyttar eg ladaren til ein iPad, men alle usbladarar som leverer over 700 mAh kan nyttast. Det er ikkje anbefalt å nytta usbporten på ein pc sidan den ikkje alltid lever nok strøm.

Kva kan den nyttast til?

Det er berre fantasien som set grenser for kva denne maskina kan nyttast til. Den krev 5V/700mAh, som er det same som USB leverer, eller ein kan nytta 4 AA batteri. Sidan den er på størrelse med eit kredittkort kan den monterast omtrent kvar som helst. Det er  GPIO  på den så den kan brukast til å styre andre duppeditter eller ein kan nytta eit anna brakout bord om ein vil vera meir avansert. Maskina støtter maskinvareakselrert koding/dekoding av h.264 videoer så den er i stand til å spilla av HD-video i 1080p så den kan også brukast som mediesenter. Her er det XBMC som er mest populær. Med ein usbhub kan den settast opp som nas. Den kan brukast til lett pc-arbeid som surfing på web (flash er ikkje støtta), tekstbehandling osv. Men det er klart at ei maskin med 256mb delt minne med gpu og ein kjerne på 700MHz er ganske avgrensa kva den kan nyttast til, men med 10.000 maskiner ute no og 75.000 til i løpet av sommaren kjem nok dei utrulegaste prosjekt og idear til å dukke opp.

For 210 kroner er det bare å stile seg i kø og bestilla ein. Eg har fått min kjem og til å ha masse morro med den. Det kjem sikkert fleire oppdateringar etter kvart som eg har funne på noko lurt… Eg byrjer vel med å lage eit kabinett til den.

Det er masse informasjon å finna der ute, her er ein liten start:

 

Mctur Vågsbotn – Osafjellet

Veret dei siste dagane har vore alle tiders og eg har nytta sjansen til nokre mc-turar. Eg har tidlegare køyrt nokre turar langs Hardangerfjorden og tilbake om Voss. Vegen frå Voss til Vågsbotnen er jo som kjent forferdeleg kjedelig så eg bestemte meg for å køyra langs Hardangerfjorden attende også denne gangen. I tillegg har eg fått tips om alternative vegar langs Hardangerfjorden. For eksempel å kjøyra frå Granvin til Ulvik om Espeland i stadanfor å kjøyre 7 kilometer gjennom fjellet i Vallaviktunnellen. Vegen om Espeland er smal, svingete og asfalten var ganske bra – akkurat slik me vil ha det.

Vegen var målet, og vegen gjekk til Osafjellet. Frå Osa innanfor Ulvik går det ein anleggsveg 13-14 kilometer opp i fjellet til nokre demningar. 1176 meter høgde viste gpsen når eg kom opp.  Vegen er svært bratt – på nedturen auka TDMen farten i andre gir med motorbrems – det har eg ikkje opplevd før. Ellers er vegstandarden jamt over god. Det er assfalt heile vegen opp. Bare på enden av vegane var det nokre hundre meter med grusveg av varierande standard. Eg fekk igjen bekrefta at TDMen ikke er noko grussykkel…

Turen var 340 kilometer og tok 7 timer innklusiv ein liten kaffipause eller to.


Sjå Vågsbotn – Osafjellet i eit større kart.

Ørnetitting

I ferien på Nordmøre hadde me ein del fine turar rundt om på øya der me ferierte. På fleire av desse var det eit par havørner som sirkla rundt oss – det var tydeleg at dei haldt eit auga med oss sidan dei flaug etter oss. På ein av desse turane var me så heldige at me kom over reiret deira og sneik oss ganske nært og tok nokre bilete av ørnungane i reiret. Foreldra kom raskt og sirkla rundt oss då og men haldt seg på passande avstand. Under er eit lite utavalg av dei «over 1000» bileta som blei tatt på desse turane. Alle bileta er tekne med ein Nikon D60 med eit Sigma 150mm f/2.8 EX DG APO HSM Macro objektiv. Eit glimrande objektiv til meir enn makrofotografering…

I tillegg drog me jo stort sett med oss kameraet rundt om kring så her er eit lite utvalg av nokre av dei andre bileta me tok i ferien.
Og alle var samde om at det hadde vore ein gild tur…

Rydder i spagettien

Det har etter kvart blitt litt smårotete i pckroken min og etter siste utviding har eg så smått begynt å nerma meg grensa for uoversiktleg. Begynte difor å bygga eit lite rackskap så eg kan få litt system på boksane mine. Satt opp følgjande handleliste og satte igang:

  • Nokre meter 2×2″
  • Ikkje fult så mange meter 2×4″
  • Ei kryssfinerplate
  • Ei benkeplate frå Ikea
  • Fire racksinner frå Clas Ohlson
  • Fire hjul frå Clas Ohlson
  • Eit par never med skruer i forskjellige lenger
  • Svartmaling

Så no har eg prøvd meg med hammer og spiker sag, vinkel, tommestokk, vater, skyvelær, skrumaskin og sikkert litt anna verktøy. Breida blei 62cm, djupna er i overkant av 80cm og høgda er 90cm. Dette gjev 16U med plass. I toppen har eg satt inn ein 19″ switch og i botnen ein PDU med 8 kontakter. Førebels har eg bare to maskiner i den (3+4U) så det ser ikke så fint ut med all den tomme plassen. Sidan eg ikkje har rommet heilt for meg sjølv må eg passe på waf‘en. Planen er difor å skjære til ei plate og montere framfor dei tomme plassane. Rackskinnen er sjølvsagt ikkje heilt etter standarden – det er jo frå Clas Ohlson – men dei gjer jobben heilt greit.

Ganske nøgd med resultatet. Pcane som stod på gulvet og leidningspagettien eg hadde er borte – andre vil vei kansje sei at rotet er samla i ein boks – og eg har plass til fleire maskiner – noko som ganske sikkert kjem til å dukke opp på eit eller anna merkelig vis. Dessuten har eg jo fått samla alle diskane mine i ein server.

Sette opp kvm for Ubuntu 10.04

Kvm er det foretrukne verktøyet for virtualisering på Ubuntu. Med unntak av adhoc virtualisering eller for virtualisering på arbeidsstasjonanar der i hvertfall eg foretrekk VirtualBox. Virtualisering med kvm på ubuntu er ikkje så veldig vanskeleg. Her er ei lita rettleiing på korleis det kan settast opp. Dersom du er usikker på om cpuen din støtter virtualisering kan du sjekke dette med denne komandoen:

egrep '(vmx|svm)' --color=always /proc/cpuinfo

Installasjon av kvm

Installer nødvendige pakker:

sudo apt-get install kvm libvirt-bin bridge-utils

* kvm er kvm :-).
* libvirt-bin er administrasjonsverktøy for kvm.
* bridge-utils er for å sette opp nettverksbridge mellom dei virtuelle maskinene og det fysiske nettverkskortet.

Dersom du skal bruke ein vanleg brukar til å administrere kvm må den leggast til i libvirtd gruppa:

sudo usermod -G libvirtd -a <brukar>

Logg ut og inn igjen og kjør deretter følgande kommando for å sjå at kvm er riktig satt opp så lang:

$ virsh -c qemu:///system list
 Id Name                 State
----------------------------------

$

Dersom du får noko feilmeldinger her bør du fiksa det. Sjekk at du har skrivetilgang til /var/run/libvirt/libvirt-sock.

Oppsett av bridge

Rediger /etc/network/interfaces så den ser ut som under. Du må sjølvsagt bytte ut iper og slikt med det som passer for ditt nettverk.

# The loopback network interface
auto lo
iface lo inet loopback

# The primary network interface
auto eth0
iface eth0 inet manual

auto br0
iface br0 inet static
 address 192.168.10.10
 network 192.168.10.0
 netmask 255.255.255.0
 broadcast 192.168.10.255
 gateway 192.168.10.1
 bridge_ports eth0
 bridge_stp off
 bridge_fd 0
 bridge_maxwait 0

Då er det bare å restarte nettverksinterfacene. Dersom du ikkje sitt lokalt på maskina er det bare å krysse fingrene og håpe du har har gjort alt riktig.

sudo /etc/init.d/networking restart

Litt til slutt…

Det finnes fine verktøy for å sette opp nye virtuelle maskiner (f.eks. ubuntu-vm-builder). Eg er imidlertid så sær(?) at eg foretrekk å gjera det manuelt slik eg har beskrive det i ei tidlegare posting.

Test av hjelmkamera

For ei stund sidan kjøpte eg eit hjelmkamera på eBay for å filma fine mc-vegar og ellers spanande opplevingar eg har med motorsykkelen. Kvaliteten på kamearaet er som ein kan forventa for noko slikt kjøpt for $29 frå Kina på ebay – greit nok men ikkje noko å skryta av. Reima til å feste den rundt hjelmen var alt for kort –  Kinesere må være veldig små rundt skallen eller ha veldig tynne hjelmer – så eg festa den rundt høgre underarm. Må nok fiksa litt på festet så eg kan få den festa på hjelmen for å få litt rolegare bilete. Kvaliteten på videoen er heller ikkje all verda men er då sjåbart. Under finn de dagens testoptak – ein rundtur rundt Seim.

If you can see this, then you might need a Flash Player upgrade or you need to install Flash Player if it's missing. Get Flash Player from Adobe.

Oppdatering: No har eg fått litt meir erfaring med kameraet og har lært meg følgande; Det kan finna på å slå seg av utan grun og då miss eg den det opptaket eg heldt på med. I tillegg er bildet ganske ømtåëlig ovanfor vibrasjonar. Så konklusjonen er vel at ein får det ein betaler for…

Morro med Lensbaby

Var ein tur i Øystese i påska og medan me var der måtte me jo ut og prøva oss på litt fotografering. Her er nokre av blinkskota(?) eg tok med Lensbaby. Er veldig morro å leike seg med kameraet på heilmanuell.

Mcsesongen nermer seg…

No når me har fått det vanlige vestlandsværet tilbake, snøen og saltet er stort sett regna bort og eg føler på meg at mcsesongen er like rund hjørnet. På veg heim frå jobb møtte eg to motorsykler; BMWen eg møter nesten kvar dag i Salhusveien på veg til og frå jobb og ein 125 kubukker på Flatøy. Det er meldt stort sett tørre veger i neste veke så det er store sjanser for at sykkelen min kjem ut av hiet i løpet av kort tid.

Men eg er litt bekymra for sikkerheten til oss motorsyklister blir denne sessongen. Byavisa Tønsberg, Dagbladet, MC24, Bike og NMCU skreiv i går om ei kvinne som blei frikjent for å ikkje å ha halde vikeplikten sin og kjørt ned ein motorsyklist. Begrunnelsen var at det var ein motorykkelen og ikkje ein bil ho koliderte med og motorsykelen var liten og vanskelig å sjå. Rekner med at statsadvokaten anker denne dommen. Hvis ikkje rekner eg med at det er fritt fram for å kjøyra ned syklister, fotgjengere og barnevogner. Dei er jo enda mindre og har jo ikkje lys ein gang så dei er jo heilt umogelege å sjå. Og alle billister må passe seg for trailere…

Så til slutt nokre videoar som passer fint å sjå før mc sesongen starter:

If you can see this, then you might need a Flash Player upgrade or you need to install Flash Player if it's missing. Get Flash Player from Adobe.

If you can see this, then you might need a Flash Player upgrade or you need to install Flash Player if it's missing. Get Flash Player from Adobe.

If you can see this, then you might need a Flash Player upgrade or you need to install Flash Player if it's missing. Get Flash Player from Adobe.

If you can see this, then you might need a Flash Player upgrade or you need to install Flash Player if it's missing. Get Flash Player from Adobe.

Gleder meg til vekene som kjem :-)

Sette ein Acer pc tilbake til fabrikkinnstillinger

Av og til får eg spørsmål frå slekt og venner om som har problemer med pcane om eg kan sjå på den. Det raskaste er då ofte å sette dei attende til fabrikkinstillinger og leggja inn alt på nytt. Backup får eg jo håpa dei har ordna seg med sjølv… Dei ferraste har tatt seg jobben med å laga recovery cdane slik ein bør gjera når maskina er ny, men heldigvis har dei fleste nyare pcar ein recovery partisjon slik at ved å trykke ein tastkombinasjon under oppstart får reinstallert Windows. På Acer er dette Alt+F10. Men for å gjera dette må ein ha eit passord som eigaren av maskina har satt og som oftast gløymt. På Acer er dette 000000 som standard. Det er imidlertid skremmande enkelt å finna dette passordet når det er gløymd. Start maskina med ein Linux livecd, start ein terminal, mount første partisjonen på disken (mount /dev/sda1 /mnt/) og sjekk fila aimsdrs.dat (cat /mnt/aimsdrs.dat). Her står passordet i klartekst. Nokon som sa security through obscurity?

Ssh-autentisering utan passord

Morro med LensbabySsh (secure shell) er ein protokoll som blant anna gjev deg kryptert tilgang til andre datamaskiner og servere. Den blir stort sett installert som standard på Linux- og Unixmaskiner men finnes også for Windows. Den vanlegaste bruken av den er som erstatning for telnet, rsh og rlogin der den gjev deg tilgang til shellet (kommandolinja) på serveren. Det vanlegaste er å autorisere seg med brukarnamn og passord mot ssh serveren. Ein annan (og meir elegant?) måte er å nytta nøkkelpar (privat og offentleg nøkkel) til autentisering. Dette krev at du lager ein privat nøkkel som du har på klienten og ein offentleg nøkkel du legg på serveren du skal logga deg på. Det er svært viktig at du held den private nøkkelen hemmeleg ettersom den vil erstatta passordet ditt. For å laga eit nøkkelpar køyrer du kommandoen:

ssh-keygen -t dsa

Du vil her få spørsmål om du vil ha passord på den private nøkkelen din. Dersom du vel det må du skriva inn passordet ditt kvar gang du bruker nøkkelen, eller du kan bruka ein ssh-agent til å hugsa passordet. Ssh-keygen vil laga to nøkler; ~/.ssh/id_dsa (privat nøkkel) og ~/.ssh/id_dsa.pub (offentleg nøkkel). Den offentlege nøkkelen må kopierast over på maskina du skal logga deg (foobar) på for eksempel følgjande måte:

cat ~/.ssh/id_dsa.pub | ssh brukar@foobar: "cat - >> ~/.ssh/authorized_keys"

eller du kan bruka ssh-copy-id dersom du har den installert:

ssh-copy-id brukar@foobar

Du kan no logga deg på den andre maskina med ssh utan å bruka passord dersom du laga den private nøkkelen utan passord eller om du bruker ein ssh-agent.